Viser innlegg med etiketten kjæresten. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten kjæresten. Vis alle innlegg

onsdag 5. oktober 2011

My man


I sytten år har han vore min beste venn og kjæreste.
Lucky me.

fredag 21. januar 2011

Garasjen

Kjærestegarasjen bygd av min bestefar. Den har snikkarbu, plass til bilen (dvs. båten no for tida), loft, kjellar og veranda.
Den beste plassen for å tenke ut lure løysingar. Garasjen er full av verktøy, både gammalt og nytt. 
Kjæresten tenker at alt kan brukast (han samlar på mykje rart) og han får ofte rett. Bra for han, for eg vil jo helst hive gammalt skrot. : )



fredag 7. januar 2011

Treig, treigare, treigast.

Trur ikkje det er mange som er innom min blogg. Og det forstår eg godt, aldri noko nytt å lese jo.

Har liksom lovt meg sjølv å bli flinkare i tjueellve. Fingers crossed.

Og er du innom, godt nyttår. May all your dreams come true. (Og hvis det er berre eg som les dette, gjør det nåkke då ? )

Til jul fekk eg meg Iphone, herregud så glad eg blei. Har tatt masse bilde med den. Liker spesielt appen Hipstamatic som gjer at bildene ser litt slitte ut. Her kjem eit lite utvalg.





Jula var fantastisk. Mi favoritthøgtid. Vi lar humla suse og gjer akkurat det vi har lyst. Bildene er ikkje gode teknisk, men dei fangar ei stemning. Og det er nok for meg. Tjollahopp. Full skjerpings og på tide å stupe inn i det nye året med liv og lyst.

Ps. Ledningskaoset på bilde tre er ikkje ei brannfell. Vi har full kontroll, trur eg.

onsdag 11. august 2010

Slik er det.

Har blitt lite fotografering og fotofikling i det siste. Skyldast ein lillefinger ute av ledd.

Så i dag deler eg eit bilde som min kjære har tatt. Han tok det på Kypros då vi var der i mai. Han som dykker er minsteguten min - som elsker det våte element.
Og bildet er allerede printa på lerret og hengt på veggen.

Dette bildet gjer noko med meg. Det treff meg på fleire plan. Og eg er blitt veldig glad i det.

lørdag 31. juli 2010

onsdag 30. juni 2010

Kunsten å falle

Verdens beste kjæreste hadde gøymt den finaste boka på loftet. Eg er begeistra over boka og kunstnaren.


Kjartan Slettemark sin kunst er ikkje alltid like lett å forstå og det vi ikkje forstår har vi lett for å fordømme. Trist men sant.



Eg er veldig takknemlig for å blir kjent men både kunstaren og kunsten hans gjennom denne boka.



Boka har tjukke gode sider, nesten som gråpapir. Og bildene - sukk. Fine!



Forlaget bak boka er Skald. Les meir her:
http://skald.no/