Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
torsdag 1. desember 2011
mandag 28. november 2011
Analog
Vi har to analoge kamera.
Det gamle som pappa hadde. Det som han brukte til alle barnebildene av meg.
Og som eg brukte til stillbilder av Dynastiet. (Mamma holdt på kverke meg når ho framkalte filmen hihi).
Så har vi Alf sitt. Han var onkelen til Frode.
Vi fekk kameraet, alle objektivene og stativet han brukte.
Fantastisk fint utstyr.
Bildene over er tatt med Alf sitt kamera.
Filmen eg sette i (dvs. Frode sette i, for eg finst jo ikkje teknisk anlagt)
var ein gammal utgått Fuji Velvia 100F.
Eg likar analogt, masse!
Og eg har fleire rullar med film.
Lykke.
søndag 20. november 2011
Dei finaste
Ville så gjerne ta nokre bilder at gutane til julekort.
Men lyset forsvant så fort. Så bildene vart litt uklare på grunn av høg iso og jammen meg kom det med ein arm som eg ikkje såg før etterpå.
Det gjør ingenting.
For dette er gutane mine.
Dei finaste.
fredag 18. november 2011
søndag 13. november 2011
fredag 21. oktober 2011
Yasso
Yasso er verdens finaste schæfer og han har budd hos oss i over 4 år
Han er fødd i Tyskland og vart henta der av ein norsk oppdrettar.
Men det viste seg at Yasso er ein stor schæfer, altfor stor til at han kan brukast til avl.
Så då ville oppdrettaren selge han og heller bruke energien sin på andre hundar.
Heldigvis for oss.
For han er den snillaste hunden eg nokon gong har kjent.
Han liker seg best når han får løpe fritt i skogen (og gjerne jage ein hjort eller to).
Pølser er favorittmaten, lurer på om ikkje det gjeld for alle hunder.
Han elsker å køyre bil og han liker å bli klødd på magen.
At han røyter masse, ikkje liker å bade og bjeffer når vi får besøk høyrer også med.
I januar blir han 6 år.
42 hundeår.
Då er han eldstemann i flokken.
Voff!
mandag 17. oktober 2011
Tenåring
Korleis beskriver ein kjærleik til born uten å ty til klisjear?
For livet vart uendelig mykje rikare når vi fekk Fredrik.
Han gav livet vårt den dimensjonen som kun eit born kan kan gi.
Plutselig var ikkje vi dei viktigaste i livene våre.
Han var.
Og det er han fortsatt. Han og lillebroren.
Og det kjem dei alltid til å være.
I dag fyller Fredrik 13 år.
Han får fram både det beste og det værste i meg, akkurat som ein tenåringson skal.
Han er unik som menneske og med eit hjarte av gull.
Han vil kun godt for alle rundt seg.
Og eg klarer ikkje skrive meir no uten at augene flyt over med tårer.
For så sterk er denne kjærleiken.
Kjære guten vår, gratulerer så mykje med dagen!
tirsdag 11. oktober 2011
onsdag 5. oktober 2011
fredag 23. september 2011
tirsdag 20. september 2011
lørdag 17. september 2011
I skogen
I dag hadde vi piknik i skogen. Te på termos, snop og teppe.
Og så plukka vi kantarell.
Fleire bilde kjem.
søndag 28. august 2011
fredag 26. august 2011
onsdag 24. august 2011
lørdag 6. august 2011
Nokre av dei
Dette var min første sommarferie med Iphone. Den fekk kjørt seg.
Bildene over er heilt random og tatt med enten Instagram eller Hipstamatic.
fredag 5. august 2011
Ree Park Ebeltoft Safari
Desse fine kom vi tett på i Ree Park.
Pluss mange andre.
Tenkte først at det var feil med bilder frå ein dyrepark i svart/kvitt.
Men så fungerer det likevel. Kjekt.
Abonner på:
Innlegg (Atom)


















































