Viser innlegg med etiketten bestemorhuset. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bestemorhuset. Vis alle innlegg

mandag 28. november 2011

Analog



Vi har to analoge kamera. 

Det gamle som pappa hadde. Det som han brukte til alle barnebildene av meg.
Og som eg brukte til stillbilder av Dynastiet. (Mamma holdt på kverke meg når ho framkalte filmen hihi).

Så har vi Alf sitt. Han var onkelen til Frode.
Vi fekk kameraet, alle objektivene og stativet han brukte.
Fantastisk fint utstyr.

Bildene over er tatt med Alf sitt kamera. 
Filmen eg sette i (dvs. Frode sette i, for eg finst jo ikkje teknisk anlagt) 
var ein gammal utgått Fuji Velvia 100F.

Eg likar analogt, masse!
Og eg har fleire rullar med film.
Lykke.

søndag 23. oktober 2011

Morning light


Saknar dette lyset.
Og høyrer på Delicate med Damien Rice.

mandag 3. oktober 2011

mandag 6. juni 2011

Søndagssamansurium


Ærast den som ærast bør. Dei to første bildene er tatt av Frode, dei tre neste av meg og det siste av Tobias.

Vår søndag var sånn omtrent.
Sov lenge, gjorde ordning på vaskerommet, åt fiskemiddag, gjekk tur, kokte kaffi og stekte svele på bål i hagen, hadde besøk.
Fin søndag rett og slett.

Og ja, så kom sommaren. (Smilefjes)

onsdag 16. mars 2011

På kottet




Etter at eg har lagt meg om kvelden blir eg fryktelig kreativ og kjem på gode og viktige ting som eg vil skrive om på bloggen. Men så kjem morningen, så var det ikkje lurt likevel. Rart.

I dag deler eg nokre glimt frå kottet mitt. Det er det einaste rommet som fortsatt har dei samme gardinene som når vi flytta inn. Veit ikkje kor tid besta hengte dei opp, men dei har sikkert hengt der i 30 år. Og dei skal få henge ei stund til. Berre fordi dei er besta sine og fordi ho var verdens beste besta.

Desse bildene er ikkje teknisk gode, men dei er følelsesmessig gode for meg. Eg øver meg på å ikkje slette bilder så fort og heller vente til eg har fått dei på maskina og så kjenner eg på bildene. Mange blir fort forkasta, men desse rørte hjertet mitt og fekk være med vidare. Fordi dei held historia levande. Om Anne Knutsdotter, heklekroken, dei nystekte svelene, dei ru hendene, det gode smilet, kjolane (kun bukse når ho skulle sykle til byen), juledekorasjonane vi laga, amerikakulene på juletreet, klokka som slo kvar time. Og sånne kunne eg har fortsatt.

For meg er dette dei beste bildene på lenge.

søndag 13. februar 2011

Kikkerten til bestefar


Då sola viste seg for første gang på lenge kunne eg endelig gjere noko med fotoabstinensane mine. Men kva skulle eg ta bildet av. Jo, av noko av det finaste eg har. Nemlig kikkerten til bestefar.Den låg alltid i ein skuff i seksjonen til bestemor. Og når eg såg en prikk på sjøen, var eg snar med å finne den fram. No står den i vinduet vårt, mest til pynt og litt til nytte. 




fredag 21. januar 2011

Garasjen

Kjærestegarasjen bygd av min bestefar. Den har snikkarbu, plass til bilen (dvs. båten no for tida), loft, kjellar og veranda.
Den beste plassen for å tenke ut lure løysingar. Garasjen er full av verktøy, både gammalt og nytt. 
Kjæresten tenker at alt kan brukast (han samlar på mykje rart) og han får ofte rett. Bra for han, for eg vil jo helst hive gammalt skrot. : )



søndag 4. juli 2010

Helga i bilder











































Ikkje det kjekkast å gjere når det er helg. Men det er så deilig med alt som er gjort.

torsdag 1. juli 2010

Ein brytar

Eg bur i bestemorhuset og heilt siden eg var liten har eg vore fasinert av denne lysbrytaren på loftet.




















Eg måtte stå på tå for å nå opp og eg måtte være veldig sterk for å klare å vri den rundt.





















No er det min brytar, på mitt soverom. Og den er den finaste brytaren eg veit om.