Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten natur. Vis alle innlegg
torsdag 1. desember 2011
onsdag 23. november 2011
Pepperkaker og ein haug med lys.
Den siste tida har det blitt mykje bilder og lite ord.
Har liksom ikkje så mykje lurt på lager. For dagane berre går dei.
Den eine hekter seg på den andre og blir til ei lang kvardagslenke.
Og det bør eg være veldig takknemlig for. Vi har det godt.
Vi er heldige.
Og no kjem førjulstida.
Det som kan være den finaste tida på året.
Drit i å vaske alle vindu og tak og veggar.
Bak pepperkaker med ungane, tenn ein haug med lys og lag juleverksted.
Det er kosen ein har lyst å ta vare på, resten kan ein ta seinare.
Påminning til meg sjølv og alle andre som kan trenge det.
tirsdag 22. november 2011
fredag 18. november 2011
torsdag 17. november 2011
onsdag 16. november 2011
Heilt fint
at snøen ikkje har komt endå.
Men kaldt er det og det var heilt rett med ullundertøy i dag.
Skogen baud på sitt beste i dag og.
Elsker skogen altså. :)
tirsdag 15. november 2011
lørdag 5. november 2011
onsdag 2. november 2011
tirsdag 1. november 2011
fredag 28. oktober 2011
onsdag 26. oktober 2011
My morning
Kor heldig er ikkje eg som kan få lov til å fotografere ein slik morgon.
Dette er ein av dei vakraste plassane eg veit om i nærområdet mitt.
Det gjekk frå dunkelt og fargelaust til haust i fyr og flamme.
Laaange skuggar som det gjekk an å leike med.
Solgløtt som gjømte seg og kom fram igjen.
Denne morgonen vil eg samle på eit glass og sleppe ut i passe dosar når eg treng det.
For dette var noko av det flottaste eg har opplevd på lenge.
Og så toppar eg det heile med redigering og Antony and the Johnsons.
Hjartemorgon.
tirsdag 25. oktober 2011
Sola, heilt enkelt
Sola har vore mangelvare her på Vestlandet i lang tid.
Så når ho endelig kom, blei eg heilt besatt av å fange den med kamera.
Eg har vore ute å fotografert tre dager på rad. Kan ikkje huske sist det skjedde.
Eg er veldig, veldig takknemlig.
mandag 24. oktober 2011
For ein kveld
Whoohoo, fotografering i dag og.
I det meste fantastiske lyset på lenge.
Elsk.
Hvis nokon har tips til korleis eg kan få større bilder på bloggen blir eg veldig glad for det.
søndag 23. oktober 2011
Haust i fjæra.
Endelig litt kameratid igjen.
Herlig med haust i fjæra og vind i håret.
På veg heim kom eg til å tenke på dette med øyeblikk og det å være til stede i nuet. For eg såg så mange fine motiv. Då kom det til meg at desse motiva hadde eg ikkje lagt merke til hvis eg ikke var til stede i øyeblikket.
Eg ville ikkje lagt merke til lauva som blåste i vinden.
Eg ville ikkje høyrt vindsuset i tretoppane.
Eg ville ikkje sette sett skyene som dreiv over himmelen.
Men no gjorde eg det.
Og eg trur det er greia med fotografi for meg.
Det gir meg anledning til å være fullstendig tilstede i det eg held på med.
Eg elsker det.
(for alle nynorsknaziar, skriftspråket mitt ligg tett opp mot mitt muntlige - so det så)
onsdag 12. oktober 2011
tirsdag 11. oktober 2011
Abonner på:
Innlegg (Atom)


















































