Viser innlegg med etiketten filosofisk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten filosofisk. Vis alle innlegg

fredag 25. november 2011

Reisebrev






Å reise er noko av det beste eg veit.

Liker å sitte på flyplasser og sjå på folk. Og lure litt på kor dei skal.
Det er så mange spennande historier som utspelar seg på flyplassar.

Dei to gamle damene som klemmer hjertelig når dei finn kvarandre med ankomsthallen. Brevvenner i 50 år, begge måtte bli enker før dei endelig fekk treffe kvarandre.

Ho som aldri vil gi slipp på han i uniform. I lommen ligg brevet han har gitt henne som ho skal spare spare spare. Men som ho river opp så fort han er ute av syne.

Ungar opp ned på baggasjetralla medan foreldra ventar på kofferten. Mor og far snakkar ikkje i lag. 14 dagar på Gran Canaria blei i lengste laget.

Han i Armani-dress som snakkar høgt i telefonen, samtidig som han betaler for kaffien på 7Eleven. Fordi det såg han sjefen gjorde det sist dei var på reise i lag, og det såg litt tøft ut.

Ho som les i ei bok og aldri ser opp. Fordi ho hatar å bli sett.

Flyvertinnene med dei høgaste hælane og dei breiaste smilene. Slitne på innsida, men profesjonelle heilt ut i  dei raudlakkerte neglene.

Gjengen i baren som drikk hardt. Ytterst sit han som alltid er litt utanfor. Han synes det er greit. 

Dama i passkontrollen som smilte til han høge mørke før deg, men som ikkje gidder å sjå opp når du går gjennom.

I taxfree-butikken spring nokon for livet. For dei skal jaggu ha kvoten sin sjølv om flyet går om mindre enn eit kvarter. Framme i køa spør dei høflig men svett om å få komme foran deg.

Og midt blandt dei går eg og sullar og nyt kvart eit sekund. Fordi eg har god tid og er nysgjerrig.








onsdag 23. november 2011

Pepperkaker og ein haug med lys.



Den siste tida har det blitt mykje bilder og lite ord. 
Har liksom ikkje så mykje lurt på lager. For dagane berre går dei.
Den eine hekter seg på den andre og blir til ei lang kvardagslenke.
Og det bør eg være veldig takknemlig for. Vi har det godt.
Vi er heldige.

Og no kjem førjulstida.
Det som kan være den finaste tida på året.
Drit i å vaske alle vindu og tak og veggar.
Bak pepperkaker med ungane, tenn ein haug med lys og lag juleverksted.
Det er kosen ein har lyst å ta vare på, resten kan ein ta seinare.

Påminning til meg sjølv og alle andre som kan trenge det.


fredag 11. november 2011

11.11.11

the laughing heart
by charles bukowski


your life is your life
don’t let it be clubbed into dank submission.
be on the watch.
there are ways out.
there is a light somewhere.
it may not be much light but
it beats the darkness.
be on the watch.
the gods will offer you chances.
know them.
take them.
you can’t beat death but
you can beat death in life, sometimes.
and the more often you learn to do it,
the more light there will be.
your life is your life.
know it while you have it.
you are marvelous
the gods wait to delight
in you.



    (gammalt bilde om igjen)


      meir ærlig. frå no av.
     i eventyr sprekk troll i sola.

     mitt liv, mine muligheter.
     mitt liv, mine troll.
   
     eg vil kvar dag minne meg sjølv på å sleppe sola inn i hjartet mitt.
     eg vil velge å gi slipp.
     eg vil velge å ta i mot.

     for livet er vakkert,
     uslipt og røft.
   
     aksept og takknemlighet.
     muligheter.

     frå no av.




   


   




   


onsdag 26. oktober 2011

My morning


 Kor heldig er ikkje eg som kan få lov til å fotografere ein slik morgon.
Dette er ein av dei vakraste plassane eg veit om i nærområdet mitt.
Det gjekk frå dunkelt og fargelaust til haust i fyr og flamme.

Laaange skuggar som det gjekk an å leike med.
Solgløtt som gjømte seg og kom fram igjen.

Denne morgonen vil eg samle på eit glass og sleppe ut i passe dosar når eg treng det.
For dette var noko av det flottaste eg har opplevd på lenge.

Og så toppar eg det heile med redigering og Antony and the Johnsons.

Hjartemorgon.

søndag 23. oktober 2011

Haust i fjæra.


Endelig litt kameratid igjen.
Herlig med haust i fjæra og vind i håret.

På veg heim kom eg til å tenke på dette med øyeblikk og det å være til stede i nuet. For eg såg så mange fine motiv. Då kom det til meg at desse motiva hadde eg ikkje lagt merke til hvis eg ikke var til stede i øyeblikket.

Eg ville ikkje lagt merke til lauva som blåste i vinden.
Eg ville ikkje høyrt vindsuset i tretoppane.
Eg ville ikkje sette sett skyene som dreiv over himmelen.
Men no gjorde eg det.

Og eg trur det er greia med fotografi for meg.
Det gir meg anledning til å være fullstendig tilstede i det eg held på med.
Eg elsker det.

(for alle nynorsknaziar, skriftspråket mitt ligg tett opp mot mitt muntlige - so det så)

fredag 21. oktober 2011

Yasso


Yasso er verdens finaste schæfer og han har budd hos oss i over 4 år

Han er fødd i Tyskland og vart henta der av ein norsk oppdrettar.
Men det viste seg at Yasso er ein stor schæfer, altfor stor til at han kan brukast til avl.
Så då ville oppdrettaren selge han og heller bruke energien sin på andre hundar.

Heldigvis for oss.
For han er den snillaste hunden eg nokon gong har kjent.

Han liker seg best når han får løpe fritt i skogen (og gjerne jage ein hjort eller to). 
Pølser er favorittmaten, lurer på om ikkje det gjeld for alle hunder.
Han elsker å køyre bil og han liker å bli klødd på magen.

At han røyter masse, ikkje liker å bade og bjeffer når vi får besøk høyrer også med.

I januar blir han 6 år.
42 hundeår.
Då er han eldstemann i flokken.

Voff!

mandag 17. oktober 2011

Tenåring


 Korleis beskriver ein kjærleik til born uten å ty til klisjear?
For livet vart uendelig mykje rikare når vi fekk Fredrik.
Han gav livet vårt den dimensjonen som kun eit born kan kan gi.
Plutselig var ikkje vi dei viktigaste i livene våre.
Han var.

Og det er han fortsatt. Han og lillebroren.
Og det kjem dei alltid til å være.

I dag fyller Fredrik 13 år.
Han får fram både det beste og det værste i meg, akkurat som ein tenåringson skal.
Han er unik som menneske og med eit hjarte av gull.
Han vil kun godt for alle rundt seg.
Og eg klarer ikkje skrive meir no uten at augene flyt over med tårer.
For så sterk er denne kjærleiken.

Kjære guten vår, gratulerer så mykje med dagen!

fredag 30. september 2011

Flink pike syndrom


Tid for litt hjernebabbel kjenner eg. Godt kamuflert mellom bilder frå eit fantastisk hagesenter i Huddersfield, England. Plantasjen og Hageland kan gå å legge seg. Her snakker vi kafé med heimelagde kaker, vegetarmiddag og alskens deilig kaffi og te. Vi snakkar fleire hundre kvadrat med interiør, bøker, jul, dyreutstyr og tusenvis av kvadrat med plantar, busker og trær. Veldig fint.

Men altså flink pike syndrom. Kva er det egentlig ?


Eg trur nemlig eg lir av det, kanskje litt mindre no enn før - men likevel.
For ein vil jo være flink ikkje sant ?
Flink som mor, dotter, kjæreste, venn, kollega, barnebarn, kokk, økonom, fotograf pluss pluss.

Å fy flate kor krevande det er å skulle være flink heile tida. Og er ein ikkje flink nok så kjem samvittighet og frykt og skuffelse. Flink pike syndromet medfører at ein blir trist og lei seg og føler seg mislykka og lite dugande til noko som helst. Skjer det ofte nok så begynner ein å tru så innmari på det og.

Så går ein der då og prøver å være flink samtidig som ein veit at ein ikkje duger.


Korleis kjem ein seg ut av denne onde sirkelen då ?
Eg trur at ein må begynne med å akseptere at det er slik det er. Være det bevisst. Kanskje kjenne etter kor tid syndromet er sterkast. 
Hos meg kjem det best fram når eg venter gjester, herlighet kor flink eg blir då. Rydder og vasker og baker.
For eg vil jo framstå som om at eg er flink og har huset i orden og har overskudd og alt det der.
Så kjem gjestane, eg smiler og ønsker dei velkommen. Og er glad for at eg har fått tatt eit skippertak. Inni meg er eg nok litt sliten, men mest letta over å rukke å sjaue over huset.

(eg elsker å få besøk altså, skulle berre ønske at eg var litt mindre redd for at andre skal sjå rotet mitt)


Eg trur det er på tide å døype om uttrykket "Flink pike" til "Redd pike".
For min egen del i allefall. Det er nok redd pike syndromet eg lir av. Og det har eg sikkert arva frå mor mi, som i si tid arva det frå mor si og så vidare.

Eg vil rive dette syndromet ut av sjela mi. Trakke på det og sei "no more".
Det har gjort nok skade no. Det er på tide å gi litt faen og leve slik ein har lyst til.
Lett blir det ikkje, men no er eg meir bevisst på det enn nokonsinne.

Eg er på vei.
(skal berre rydde litt først)




lørdag 27. august 2011

No man can walk out on his own story

Han er fann eg på Etsy. 
Etter ei ekte Amerikareise kom han heil og fin heim til oss. 
Elsk.

Så til overskrifta. Det er eit sitat frå animasjonsfilmen Rango.
"No man can walk out on his own story"
Eg trur veldig på dette. Eg trur at vi alle har noko som brenn i oss og som vil opp og fram.
Dei fleste av oss jobbar hardt for å undertrykke dette heile livet. For det er liksom ikke tid, vi har ikkje råd, vi tør ikkje, vi fokuserer på alt anna enn oss sjølv og drømmane våre.

Men så henter det oss inn igjen, gong på gong. Det riv og slit og vil aldri sleppe heilt taket.
Det dukkar opp sitat som velter oss over ende, ein artikkel som gjer gjenklang i heile sjela, ein blogg som får det til å krible. "Tenk om eg kunne - men nei, ikkje endå i allefall. Kanskje når ungane blir store, når eg har litt bedre råd, når eg er litt tryggare i meg sjølv."
Eg trur alle har det sånn. 

Utenom dei som har lytta innover og fulgt si eiga indre stemme. 
Dei som lever historia si. Desse menneska har gjerne ikkje overflod av pengar og materiell goder. 
Men eg trur dei er lykkelige likevel.
Fordi dei er viktige i sine eigne liv. 
Dei har valgt å tru på seg sjølv og sine eigne evner.

One day I will be there. 

tirsdag 23. august 2011

Dansk himmel


Himmelen heilt vest i Danmark ein kveld. Lyset var heilt magisk.
Bildet er tatt med Iphone faktisk. Nøgd med da.

Ellers så las eg i dag noko av det finaste eg har lest på lenge.
Det er utdrag frå ei amerikansk barnebok frå 1922, The Velveteen Rabbit skrive av Margery Williams.
Her i frå ein samtale mellom ein ny fløyelskanin og ein gammal gyngehest:

"Real isn't how you are made," said the Skin Horse. "It's a thing that happens to you. When a child loves you for a long, long time, not just to play with, but really loves you, then you become Real."
"Does it hurt?" asked the Rabbit.
"Sometimes," said the Skin Horse, for he was always truthful. "When you are Real, you don't mind being hurt."
"Does it happen all at once, like being wound up," he asked, "or bit by bit?"
"It doesn't happen all at once," said the Skin Horse. "You become. It takes a long time. That's why it doesn't often happen to people who break easily, or have sharp edges, or who have to be carefully kept. Generally, by the time you are Real, most of your hair has been loved off, and your eyes drop out, and you get loose in the joints and very shabby. But these things don't matter at all, because once you are Real, you can't be ugly, except to people who don't understand."

torsdag 18. august 2011

På sidelinja


Å fy flate no går det fort i svingane her. 
Har mest lyst å stå på sidelinja og sjå toget "Kvardag" suse forbi.

Men her er det berre å hoppe på og forhåpentligvis få styring på det heile.
Det er mange vogner på dette toget og det er vanskelig å få oversikt. 
Eg har iallefall lagt bokbind på x-antall bøker, blitt mamma til ungdomsskulegut (føler meg altfor ung til det), stått opp tidlig kvar morgon fire dagar på rad (burde være ei lov mot slikt), vore bekymra, vore letta, vore uten nett, tv og telefon (det er då ein kjenner kor hekta ein er), shoppa med tenåringen pluss pluss. 

Fjok!
(familien sitt uttrykk for "å fytti grisen" og andre lignande uttrykk. Trengs sterkare uttrykk så bannar vi !)

Fotografering og redigering og slike kjekke ting ligg i skuffen og ventar så lenge.

Og så er det dette med valg då. Ikkje politisk altså. 
Personlige innfløkte valg, må vite. Sånne djupe spørsmål som krev meditasjon og ro.
Dette valget får magefølelsen min til å vri seg i eit inderlig "ikkje gjer det",
samtidig kviskar samvittigheten lett "jo, det trur eg du bør".
Trur eg får angstanfall av heile greia, tyngre å puste er det i allefall.

I hjartet veit eg kva eg skal velge.
Handlar berre om å være sterk nok.

God helg alle!






onsdag 10. august 2011

Om ønsker og smal smak (heilt usaklig).

 I mangel på bilder blir det berre tekst i dag og kanskje eit eller anna tilfeldig bilde frå verdensveven som eg tjuvlåner og linker til for å få bedre samvittighet.

 Eg har snart bursdag og då kjem jo spørsmålet, kva ønsker du deg ? Like vanskelig å svare kvart år. For eg har jo liksom alt. Ein fantastisk kjæreste (på 17. året), to herlige gutar, finaste hunden, gode vener, hus ved sjøen osv osv. 
Eg er sikkert verdens vanskeligaste å gi til for eg har så smal smak. For det lille eg liker, liker eg VELDIG godt. Alt anna vil eg helst sleppe å få. For eg takler veldig dårlig å omgi meg med ting eg ikkje liker. 

Min smale smak definerer meg og den eg er og det eg trivest med å ha rundt meg. Veit at enkelte finner det veldig merkelig at eg samler på eit for lengst utgått frokostsett fra Figgjo. Eg har ein Cathrineholm smørsmelter til oppbevaring av penner i kjøkkenvinduet og i sofaen i stua ligg ein heimesydd kosekval, eit heimehekla teppe i 70-talls stil og Radar (robotputa vår). 

No har eg rodd meg langt ut på. Tilbake til spørsmålet, kva ønsker du deg ? Svar: Gode opplevingar i lag med dei eg er glad i. Kan eg svare det ?


Angry Birds kake fant eg her. Fantastisk!

mandag 8. august 2011

Dynamisk ?

Hørt om dynamisk IP-adresser ? Ikkje eg heller. Levande, irriterande, fucked up IP-adresser som gjer at eg ikkje finner bildene mine. Vi har ein slik fancy lagringsenhet som egentlig er ei eiga datamaskin. Den funka som fjell før vi fekk lagt inn fiber, men no lever altså desse dynamiske IP-adressene sitt eige liv og fuckar opp mitt liv. Kun tegneseriespråk kan beskrive skikkelig kva eg føler, - Aaargh!!!!

Illustrasjonen er linka.

torsdag 4. august 2011

Bilder = blogging


Vi er i ferd med å gli sakte sakte ut av feriemodus og inn i kvardagsmodus igjen.
Vi har hatt både "vekkeferie" og "heimeferie". 
Bildet i dag er frå Blokhus i Danmark. Akkurat i det vi ankom stranda begynte skydekket å sprekke og fargane var fantastiske.
Vi hadde ei innholdsrik reiserute og fekk med oss mykje. Det vart fleire høgdepunkt både for store og små.
Trur Adelgade i Ebeltoft var mitt absolutte høgdepunkt og hotellfrukosten i Fredrikstad.

Vi har litt datakrøll for tida, så det er litt hips om haps med kor tid eg finner bildene våre. Men no har flinkaste kjæresten fått ordna opp i det meste og forhåpentligvis glir eg inn i bloggemodus igjen.
For eg har masse dele.

lørdag 30. juli 2011

Lyset frå nord

Det har vore ei ufatteleg veke. Det har skjedd så mykje at hverken hodet eller hjertet mitt klarer å fatte alt sammen. Kontrastane har vore så store.

Forrige fredag var heilt ufattelig vond. Ein mann sin galskap tok livet av syttisju mennesker. Dei fleste unge og engasjerte. Eg vil ikkje forstå, eg vil ikke akseptere.

Men størst av alt er kjærligheten. Vi har røyst oss samla og vist ryggen til frykt og hat. Og omfavna kvarandre og det vi trur på. For vi er så heldige fordi vi bur i Norge. Eit av dei friaste landa i verda. Og no kanskje også det sterkaste landet i verda.

La lyset frå nord spre seg over heile verda.

tirsdag 12. juli 2011

3652

Så mange dager er det sidan hjartet mitt vart knust i tusenvis av bitar. Eg trudde eg skulle slutte å puste fordi sorga gjorde så jævlig vondt. Og fortsatt gjør det vondt.
Eg har prøvd å fortrenge at det er ti år siden. Sikker på at eg var sterkare no. Men kroppen ga beskjed, det vart tyngre å puste, vanskelig å slappe av, tårene tett på. Eg vart skikkelig deprimert rett og slett.

Søndag låste eg meg inn i barndomsheimen for å være litt aleine der. Gjekk rundt og surra og leita, men fann ikkje det eg ville finne. 
Ro. 
Svar. 

Han ringte meg ein gong for eit par år sida. - Det går bra, sa han. Eg vakna. Glad for å ha høyrt stemma hans, trist fordi det var ein draum. 

Eg trur ikke det finst ein råare følelse enn sorg. Den grov, uforutsigbar, skarp, buldrande, knipande, hard - men samtidig mjuk og så forbanna vond. 

Å miste nokon som er så nær i hjertet, er som å miste ein del av seg sjølv. Det er ein sann klisjé.

Og så har eg så utrulig lite medfølelse for folk som klagar over bagateller. Eg spyr av det. Ein har ikkje møtt mykje motstand i livet dersom det er verdt å bruke energi på å klage over småting. Kanskje eg er blitt kynisk. 

Det var berre det. 
No fortsetter sommaren.

God sommar alle i hop!
(Eg er glad igjen no altså, måtte berre skrive av meg litt frustrasjon.)


fredag 1. juli 2011

The end


 The end.
No kjem det ikkje fleire bilder frå speidarhuset.

"…feelings like disappointment, embarrassment, irritation, resentment, anger, jealousy, and fear, instead of being bad news, are actually very clear moments that teach us where it is that we’re holding back. They teach us to perk up and lean in when we feel we’d rather collapse and back away. They’re like messengers that show us, with terrifying clarity, exactly where we’re stuck. This very moment is the perfect teacher, and, lucky for us, it’s with us wherever we are."
— Pema Chödrön



lørdag 25. juni 2011

Eit år




























Eit år.
I dag er det eit år siden eg publiserte det første innlegget på denne bloggen.
Ein sommar, ein haust, ein vinter og ein vår.

Nesten to hundre innlegg.
Tenk at eg våga. Det trudde eg ikkje når eg starta. 

Eg har lyst å takke dei som har fulgt meg heile vegen.
Flotte menneske som eg alltid blir glad for å høyre i frå.
Og som sjølv har fantastiske bloggar som eg kvar dag gleder meg til å lese og sjå.

Om eg sit her om eit år til å gleder meg over to år som bloggar veit eg ikkje endå,
men eg trur det. For det er kjekt å dele, kjekt å våge.

Bildet i dag er frå i jonsok. Det er redigert for å forsterke energien og stemninga i det.
For det er det eg vil formidle.

Eg vil at bildene mine skal være eit pusterom.
Eit rom for ettertanke og ro.
Der tida kan stå stille.
.





fredag 17. juni 2011

På eit rom


Sommarferie, for ungane i allefall.
Eg må vente litt til.

Eg kan telle sommardagane til no på ei hand, men Yr lovar betre tider.

Kameraet er fullt. Bilder og videosnuttar frå diverse avslutningar. 
Kjekke minner. 

Bildene i dag er frå Oslo-turen i mai. 
Vi storkosar oss på hotell alle sammen. Berre slappe av, gå til ferdig frukost. 
Deilig.

onsdag 15. juni 2011

Nesten svart/kvitt - men ikkje heilt



Nei, dette går ikkje.
Kan ikkje servere så lite fargar midt på sommaren.

Ut å fotografere.

Og så denne då, herlig sant. Fant den her.