Viser innlegg med etiketten ymse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten ymse. Vis alle innlegg

torsdag 1. september 2011

Erik Kold

Åh som eg ønsker meg massevis av desse fantastisk plastbeholdarane.
Kjære universet, please provide. :)



Bildene er lenka.

onsdag 8. juni 2011

Tilfeldig soseinnlegg

Dette med blogging og kreativitet, det har eg tenkt litt på i dag. Har holdt på snart eit år og har lagt ut mange av bildene eg har tatt siste året. (I dag legg eg ut tilfeldige bilder frå dei siste 5 åra).
For meg var det eit stort steg å ta, det å tørre å legge ut bildene mine.


Eg har innsett at det å ta bilder er noko av det kjekkaste eg veit. Eg liker å tenke komposisjon, eg liker snøggskot. Eg liker å legg meg på magen og fange dei små tingene, eg liker å rette kameraet mot skyene og sjå fine formasjonar. Eg blir flinkare og flinkare til å "sjå". Spesielt lys.
Herlighet kor mykje "eg" det blei no. Men det handlar om meg så...


Kva vil eg vidare med fotograferinga mi? Eg har tenkt på fleire prosjekt. Ei fotobok av dei eldre i nærmiljøet er nok det eg har tenkt mest på. Eg bur på "landet" og bygda vår er i rivande utvikling og snart er grensa mellom bygda vår og byen viska ut. Det er ikkje så mange eldre igjen, men eg trur dei har spennande historier å fortelje og eg veit dei har spennande ansikt å fotografere.


Så langt tør eg tenke, men så kjem dårlig sjølvtillit og "fuck you" og stoppar meg frå å gå lenger. Det er frustrerande. Eg er ei pyse, det har eg erkjent for lenge sidan. Har ikkje fortalt venninnene mine at eg bloggar ein gong. Heilt sjukt. Eg er typen som velger den tryggaste vegen, men som alltid drøymer om å gjere noko meir spennande.


Å være kreativ er min terapi. Måle, teikne, ta bilder, prøve ei ny oppskrift, skrive ein tekst osv. osv. Eg elsker det. Eg elsker å gå min eigen veg, så lenge ingen andre blir involvert, så lenge det berre er eg som skal synest noko om det. Så er kluet då, skal eg blir sittande på eit kontor resten av livet og drøyme om det som kunne blitt eller skal eg tørre meg frampå med noko av mitt. Og det er det dritvanskelig å ta stilling til. Klarer eg å leve med å ikkje å prøvd ?


Ja, eg gjer nok det. Ei stund til i allefall. For eg tør rett og slett ikkje. Eg trur ikkje eg er flink nok. Skulle ønske eg hadde fotoutdanning. Og kanskje søker eg meg inn på ein fotoskule når ungane har flytta ut. Eg blir sikkert eldst i klassen, men det skal eg klare å leve med. :)


Og til dåkke som har lest all sosinga mi i dag. Tusen takk.


onsdag 1. juni 2011

Kom igjen då.


Hadde gleda meg til å redigere fleire Oslo-bilder. Men eg får ikkje tilgang til nettverkshardisken der alle bildene ligger. Så då tar eg ein "gatekunstpause".
Bildet er linka.

mandag 30. mai 2011

Bilderas


kjem snart. Må berre på laste hundrevis av bilder inn på pc-en MAC'en først.
Utrulig kor mykje som er verdt å forevige frå ei Oslo-helg.

tirsdag 17. mai 2011

Hipp hipp


Slik var vår 17.mai, sånn omtrent.

mandag 16. mai 2011

Snart søttende


Håper alle får ei strålande søttende mai feiring!

tirsdag 10. mai 2011

Hundreogsekstiende innlegg

Pust inn.

Pust ut.

Vi driver å puster heile dagen. Mest ubevisst. Sjelden så djupt at vi kjenner det heilt ned i magen.
Når vi var små gjorde vi det, kvart einaste andedrag var djupt og inderleg.
Kor tid begynner vi å puste kortare ? Kor tid begynner vi å bli redde ? Kva utløyser det ?

Eg har holdt på litt med meditering i periodar og då er pusten essensiell. Det å kjenne bevegelsen i kroppen ved kvart innpust og utpust. Det å gi slipp på og ta i mot. Ein rytme som følger deg frå fødsel til grav.
No er det lenge siden eg har fokusert på pusten min og egentlig er dette innlegget berre ein huskelapp til meg sjølv. Om å være meir i pusten min.

Eg trur pusten er det som bind kropp og sjel saman. Jada, eg veit - det høyres superalternativt ut. Men eg trur det likevel. :)

Pust er jævlig viktig. Note to myself.

Bildet er linka.

mandag 2. mai 2011

Helgatur





Detaljar og ei utsikt frå ei fin helg.

torsdag 28. april 2011

Pyse





Eg har innsett det for lenge sida, eg er ei skikkelig pyse. Men eg har ikke innfunne meg med det, for eg vil være tøff og uredd. Så når lokalavisa annonserte fotokonkurranse med tema forfall tenkte eg; no, jente, no sender du nokre bilder. Premien er jo 5000 i kamerautstyr. 
Ser jo objektiv som danser i det fjerne.

Men eg har jo nevnt den her delen av meg sjølv kalla"fuck you" som ikkje vil gi seg. Så kameraet var liggande og lysta ulma. Men "fuck you" hadde overtaket. 
Heilt til i dag, då tok eg meg med hunden på jakt etter forfall. Og fant litt.
Dei fire bildene over er dei eg skal sende inn.  Så får eg krysse fingrane å sjå.

søndag 17. april 2011

fredag 15. april 2011

mandag 28. mars 2011

Standplass






Her er innsida av bygget eg viste i går. Det er den lokale skyttarklubben sin standplass.
I tidligare tider var nok bana mykje i bruk, men no er den kun i bruk tidleg på hausten når jegerane må ha oppskyting før jakta.

Og det er heilt greit, for det er eit voldsomt leven når dei held på.

Bilde nummer tre ser veldig skakt ut, men denne gongen er det ikkje min feil.

fredag 25. mars 2011

torsdag 24. mars 2011

Måtte jo berre


Har sett så mange fine kollasjer rundt på forskjellig blogger.
Og tenkt at eg har lyst å få til noko liknande.
Ved hjelp av Photoscape og Photoshop så løsna det til slutt.

Men så kjenner eg at dette blir jo berre å kopiere andre sine ideer.
Eg må jo finne mitt uttrykk. Liker best bilde for bilde uten staffasjer.
Men måtte jo berre......

onsdag 23. mars 2011

C'est moi


Trynhild over her er meg.
Såg gjennom bloggen og fant ikkje eit einaste bilde av meg sjølv.

Då var det på tide. Lurte litt på kva slags bilde eg skulle velge. Burde jo helst vore eit slikt frå en god vinkel  med eit fint smil som skjuler dobbelthake og andre skavanker. Og i allefall ingen med grimaser.
Men hopp og hei, det er sånn eg er.
Med dobbelthake, lang tunge og gummifjes.

Bildet er tatt med ein ganske dårlig Iphone-app.
Sikkert ein gang når eg kjeda meg.

(håret mitt er gøymt i knute bak i nakken)


mandag 14. mars 2011

APPsolutt fantastisk


Eg elsker Iphonen min og eg elsker å ta bilder med den.
Tulipanar som snart tar kvelden, blir fine igjen.


Turen heim frå jobb blir meir spennande.
(ikkje eg som kjører altså)


Fangar våren som snik seg inn på jobb.


Herlege meldingar. Frå ein teikneapp.


Og til slutt denne. Blei fin den og med hipstamatic-appen.


fredag 4. februar 2011

Her bur eg



For eit par veker sidan var Florø vert for en MGP delfinale. Filmen over var åpningssekvensen av showet. Og dette er byen min.

onsdag 2. februar 2011

Kva blir snapshots på nynorsk ?

Jobbutsikt.
Jobbpult
Jobbkunst med meir.
Jobbkopp og jobbplante (som er superforsømt stakkars).

fredag 29. oktober 2010

Kollasje, endelig.

Eg har googla og leita og herja for å finne ut korleis ein lager fine kollasjer på ein enkel måte. Photoscape er ok, men malane er så rotete og eg får ikkje til å endre på dei. Og i går løsna det, med Picasa. Så morro.

Bildet i dag har eg tulla med og manipulert og vrengt og virkelig kosa meg med. Og resultatet, det er eg fornøgd med. (Sa eg at eg var fornøgd ? What ?)