Akkurat no les eg boka "The Gifts Of Imperfection" av Brené Brown.
Og den treff meg så veldig. Den handler om aspekter som tar stor plass i meg no. Mot, medfølelse og å være til stede. Brown skriv om korleis ein må ha sett sitt eige mørke for å kunne sjå andre sitt. Korleis kjærlighet er ei handling og ikkje nødvendigvis berre ein følelse. Ho skriv om kor lett det er å være glad i andre, men ikkje i seg sjølv. Om skam og frykt. Om tilhørighet og bekreftelse. Om meg og deg.
Ein guide til eit heilhjerta liv. (Det eg trur vi alle ønsker oss innerst inne.)
Eg har vore ein sucker for sjølvhjelpsbøker i mange år, før det plutselig sa stopp. Før eg kom over denne her. "Gi slipp på den du trur det er meint du skal være og omfavn den du er" (oversatt fra framsida). Ja, takk.
Du kjem direkte til forfattaren ved å trykke på den nye badgen eg har lagt til øverst til høgre på bloggen.
Åh, så fantastisk fint, Hege! Dette traff MEG.
SvarSlettTrur nesten eg må sjekke ut den boka.